VA-anlegg Professor Indrebøgate
Ramsdal Maskin AS er tildelt arbeid med separering av dagens fellessystem og utskifting av vassforsyningsanlegg i Professor indrebøgate. Undervegs skal også dagens høgspent og lågspentanlegg i området oppgraderast.
Utstrekninga av området går fram av situasjonsplan og vil i tillegg til Professor indrebøgate være innom følgjande vegar/gater:
- Firdavegen
- Evjegata
- Elias Melværgate
- Gaddevegen
- Atle Jarls gate
- I fortau skudalsvegen samt boring under riksvegen
- Leirvåggata
Videre skal dagens fellesleidning som går frå XL-bygg og ca. 300m vest erstattast med nye leidningar grunna dårleg fallforhold og dårleg forfatning på eksisterande leidning. I forbindelse med dette arbeidet skal det etablerast ein ny pumpestasjon og pumpeleidning for å pumpe spillvatn utanom denne fellesleidningen.
Undervegs i prosjektet skal det utførast:
- Grøft med vatn/avløp: ca. 1630 m
- Kabelgrøft, høgspent og lågspent: ca. 2140 m
- Masseutskifting: ca. 8400 m3
- Ny asfalt: 5900 m2
Om du har spørsmål til prosjektet ber vi deg ta kontakt med ein av kontaktpersonane i prosjektorganisasjonen til høgre.
INFORMASJON TIL HUSSTANDAR BERØRT AV PROSJEKTET:
Undervegs i prosjektet vil det for husstandar bli lagt fram nytt tilknytningspunkt for vatn og avløp. Generelt skal det i prosjektet leggast stikkgrøfter frå hovudleidning og fram til 2m innanfor tomtegrense for kvar tomt. Ny stikkleidning for spillvatn koplast til eksisterande leidning mens ny overvannsleidning terses. Stikkleidningar for vatn avsluttast med stoppekran ustyrt med spindelforlengar og foringsrør til overflata, og tilknytast eksisterande vassforsyning til tomta. Stikkleidningar ved høge fjellskjæringar utan avløp i dag avsluttast med bend opp ved fjellskjæring og tersast.
I forbindelse med oppgradering av høgspent og lågspentanlegg er det medtatt nye tilførslar til berørte husstander. Inkludert i desse arbeida er det med grøft og trekkrøyr fram til hushjørner til kvar enkelt tomt.
Prosjektorganisasjonen vil ta kontakt med kvar enkelt husstand for meir detaljert informasjon etter kvart som prosjektet går fram. Sjå framdriftsplan m/teikning for å sjå når vi kjem forbi deg 🙂