VA-anlegg Florø Reinseanlegg – Tiltak 2 (Danielsvika – Nybøvegen)
Ramsdal Maskin er tildelt prosjekt «Florø Reinseanlegg – tiltak 2» som omfattar nye avlaupspumpestasjonar og sanering av VA-leidningsanlegg.
I Danielsvika skal det etablerast ein ny avlaupspumpestasjon som skal pumpe avlaupsvatn frå området nord for Rv. 5 mot det nye Florø reinseanlegg ved Kanalen. På Ragnarud skal det etablerast ein ny avlaupspumpestasjon som skal pumpe avlaupsvatn frå avlaupspumpestasjonen i Danielsvika, området Ragnarud og framtidig avlaupsvatn frå Botnavågen mot reinseanlegget ved Kanalen.
I Selhaugvegen, mellom dei to nye stasjonane skal alt VA-anlegg sanerast og nye vass-, spill-, og overvassleidningar etablerast, totalt ei strekning på ca. 700 meter.
Prosjektet er eit fellesprosjekt mellom Kinn kommune og Linja AS, der Linja AS etablerar kabelgrøft i vegen, parallelt med VA-leidningane. Samstundes skal òg Selhaugvegen masseutskiftast der det blir lagt nytt VA- og kabelanlegg.
Om du har spørsmål til prosjektet ber vi deg ta kontakt med ein av kontaktpersonane i prosjektorganisasjonen til høgre.
INFORMASJON TIL HUSSTANDAR BERØRT AV PROSJEKTET:
Undervegs i prosjektet vil det for husstandar bli lagt fram nytt tilknytningspunkt for vatn og avløp. Generelt skal det i prosjektet leggast ut stikkleidningar frå hovudleidning til alle berørte. Stikkleidningar avsluttast med tilknytning til eksisterande leidninger i vegkant.
Prosjektorganisasjonen vil ta kontakt med kvar enkelt husstand for meir detaljert informasjon etter kvart som prosjektet går fram.