Vatn og avløp
Vi utfører kvart år eit større antall jobbar som inneber utskifting/fornying av både offentlig og privat leidningsnett.
Typiske jobbar innan vatn og avløp er alt frå etablering eller reetablering av komplette kommunale vatn- og avløpsprosjekt eller etablering eller reperasjon av vatn-, kloakk-, eller infiltrasjonsanlegg. Vi tar prosjektleiinga på arbeidet og knyter til oss riktig kompetanse for det vi ikkje utfører sjølv. Dette for at du som kunde skal få ein fast kontaktperson å forholde deg til.
Fagfeltet krever kompetanse innan både maskinførarfaget- og røyrleggarfaget. Vi har personell med ADK-sertifisering som betyr at vi er godkjent og kvalifisert til å utføre jobben. Gjennom 40 år har det blitt eit betydelig antall oppdrag innan fagfeltet.