Kvalitets- og miljøpolicy
Den dag i dag har har selskapet fortsatt det same målet for selskapet som då det blei etablert i 1978; som kunde og leverandør til Ramsdal Maskin skal dykk møte eit selskap med fokus på høg kvalitet i alle ledd, god helse- miljø og sikkerheit, arbeid utført etter rutiner og lover – og arbeid der kunden er i fokus!
Ramsdal Maskin nyttar SmartMEF som kvalitetssystem for kvalitetssikring. Systemet er eit bransjetilpassa kvalitetssystem utarbeida med og for medlemmane i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF). Systemet er tilpassa vår bedrift og har innarbeida rutiner som sikrar at systemet jamnleg reviderast, oppdaterast og etterlevast.
Vi skal alltid levere godt utført arbeid slik at våre oppdragsgivarar er fornøgd med vår innsats og føretrekk oss neste gang. Dette oppnår vi gjennom
- God planlegging
- Å gjere jobben riktig første gangen
- Å ha motiverte og dyktige medarbeidarar
Ramsdal Maskin er miljøbevist og skal ta hensyn til omgivelsane vi befinner oss i og gjere minst mogleg skade på naturen. Dette oppnår vi ved å blant anna ved å:
- jamnleg arbeide for å auke kompetansen i heile organisasjonen om vår påverknad på miljøet
- drive eit systematisk arbeid for å hindre forureining og utslepp i naturen
- vere innovative ved å heile tida sjå etter meir effektive og ressursbesparande løysingar
Helse-, miljø og sikkerheit
Våre arbeidarar er vår viktigaste ressurs og vi skal legge til rette for at alle kjem heim heile og friske etter endt arbeidsdag. Sikkerheit har alltid første prioritet!
Dette oppnår vi gjennom
- å ha fokus på sikkerheitstilstand og ryddigheit
- å ha tilstrekkeleg og hensiktsmessig verneutstyr tilgjengeleg
- godt vedlikehald av maskiner og utstyr
- å bry oss om kvarandre og oppnå god trivsel blant tilsette
Ramsdal Maskin er iso-sertifisert
Ramsdal Maskin er ISO sertifisert i henhald til følgande standarder
- NS-EN ISO 9001: 2015 Ledelsessystem for kvalitet
- NS-EN ISO 14001: 2015 Ledelsessystem for Ytre Kvalitet.