Om Ramsdal Maskin AS

Ramsdal Maskin AS er eit over 40 år gammalt entreprenørselskap i Kinn Kommune som utfører anleggsarbeid for omkring 40 millionar i året.

Kontoret er lokalisert i Fjordgata i Florø sentrum der selskapet også har verkstad og lagerfasilitetar.

Selskapet har ein allsidig maskinpark som er tilpassa både små og store oppdrag – både frå private og offentlig.

Ramsdal Maskin er medlem i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF). Gjennom OKAB (opplæringskontoret for anlegg og bergfag) har vi til ei kvar tid lærlingar i bedrifta.

Tilsette og kompetanse

Selskapet har i dag 18 tilsette med lang erfaring og god kompetanse innan anlegg og bergdrift.

Gjennom 40 år har vi utført arbeid og har kompetanse innanfor dei fleste typar grunnarbeid. Møter vi på utfordringar vi ikkje hanterer så leiger vi inn denne kompetansen. Ved å velje oss skal du ikkje vere i tvil om jobben blir utført fagmessig og iht. lovar, reglar og normer.

Vi har sentral godkjenning innan fleire klassar, trykk her for meir informasjon.

Historie

Selskapet blei etablert i 1978 av Audun Ramsdal. I 1998 blei det omdanna til aksjeselskap og døpt til «Audun Ramsdal AS».

I dag er det Endre Kalland og Tommy Sæterlid som driver selskapet vidare. Dei har fortsatt det same målet for selskapet: som kunde og leverandør til Ramsdal Maskin AS skal dykk møte oss på same måte som i alle år; fokus på høg kvalitet i alle ledd, HMS, rutinar – og arbeid der kunden er i fokus.

Selskapet endra i 2018 namnet til Ramsdal Maskin AS.